Login



Login With Facebook
Powered By JFBConnect

Ørskog trekker A-laget.

På eit møte 18 april har spelarane og styret i fotballgruppa beslutta å trekkje A-laget for herrer frå spel i årets 5. divisjon. Hovudårsaka er mangel på spelarar. Det er berre 4 år sidan vi hadde heile to 11ar-lag i serien. Vi har hatt ein stamme i laget med spelarar fødd tidleg på 1980-talet. Dei fleste av desse er i etableringsfasen, og har gitt seg med fotball. Vi har mista fleire av dei frå sist sesong.


Vi har og ei gruppe spelarar som er fødd rundt 1990. Fleire av desse har no reist, eller reiser bort på skule, og i militæret. Vi har og for få som kjem opp til seniorfotballen frå guttelaget dei neste åra. Summen av desse faktorane gjer at vi velger å trekkje laget. Vi har jobba hardt og strekt oss langt for å få til eit lag i årets serie, men vi har altså ikkje lukkast med det. Vi velger av hensyn til motstandarlag å trekkje oss no og ikkje seinare i sesongen.

Det er ulike grunnar som gjer at antalet aktive spelarar varierar så mykje frå årskull til årskull. Det ideelle må vere at det kjem opp nokre nye spelarar kvart år som avløyser dei eldste spelarane som legg opp, slik at ein på den måten unngår å skifte ut heile laget på få år. Dette er noko vi kjem til å ta tak i. Det er lange tradisjonar for herrefotball i Ørskog, og dette har vore ei tung beslutning å ta. Ørskog IL. er ein middels stor klubb, og har dei siste åra hatt rundt 20 lag og i overkant av 200 spelarar. Slik sett står det eigentleg bra til med Ørskog-fotballen, men for tida altså ikkje for dei eldste spelarane på herresida. Det kjem gode årgangar med spelarar frå omlag 14 år og yngre, dette gjer at vi kan sjå lysare på framtida. I tillegg vil nok fleire flytte heim til Ørskog etter endt utdanning, og då vil det på nytt vere grunnlag for seniorfotball i Ørskog.

Styret i Ørskog IL. - Fotballgruppa/Ørskog IL. A-lag.

Ørskog IL

Ørskog IL har også sin egen side på orskogil.no hvor du kan følge alt som er av sport i Ørskog. Her finner du alt fra driftsmeldinger til oppdatering på kamper, treningstider og diskusjoneforum for spillerene.

Murerane

Murerane er stolte supportere av Ørskog IL og murerane.com har nå vært den beste måten å følge Ørskogs A-lag på nett. Murerane.com så dagens lys allerede i 2004.

Ørskog Sparebank

sparebankenØrskog ILs hovedsponsor, Ørskog Sparebank, er en selvstendig og solid sparebank med en forvaltningskapital på ca 1,8 mrd og 13 ansatte. Banken er lokalisert i sentrum av Sjøholt i Ørskog Kommune.

Murerane 2004 - 2013