Login



Login With Facebook
Powered By JFBConnect

 

Murerane

Ørskog Sparebank




Sesongrapport 2015

Ei lita oppsummering av sesongen i korte trekk:

Etter at sesongen 2014 enda med ein rask retur til 6.divisjon vart det klart at mange, eller så godt som alle dei rutinerte spelarane gav seg. Vi innsåg derfor tidleg at dette vart ein sesong der vi måtte ta kamp for kamp med eit veldig ungt og urutinert mannskap. Vi har hatt ein ung og stabil stamme i laget som har fått mykje verdifull seniorerfaring denne sesongen. Mange har spelt dobbelt, både på guttelaget og A-laget. Trass i 3 sigrar mot Fiskerstrand enda vi altså på 6. og sisteplass på 6.divisjonstabellen med 9 poeng, 3 poeng bak nettopp Fiskerstrand. Eg er usikker på om ei slik plassering har skjedd tidlegare i Ørskog sin historie? Kanskje tvilsomt! Vi kan i alle fall seie at vi deltok og gav publikum fleire trivelege stunder på stadion, noko vi ikkje gjorde så kort tilbake som i sesongen 2012.

 

I løpet av 15 seriekampar har vi 3 sigrar, (alle mot Fiskerstrand), og altså 12 tap. Totalt sett har vi scora 19 mål, mot 60 baklengs. Vi har altså totalt innkassert 9 poeng, derav 6 på Ørskogbanken Stadion og 3 på bortebane.

 

Totalt har 31 spelarar fått speletid denne sesongen, av desse er 9 debutantar. Kaptein Tor Juul Abelseth og keeper Kim Inge Melland er dei to einaste som har vore med på alle 15 seriekampane, medan 5 spelarar har registrert 14 kampar.

 

Vi har scora 19 mål, dette er fordelt på heile 11 ulike målscorarar. Magnus Grønningsæter og Jørgen Skarbø deler toppscorartittelen med 4 mål kvar.

 

Ørskog har i løpet av dei 15 kampane pådratt seg 7 gule kort og ingen raude, så våre gutar har stort sett oppført seg fint.

 

Murerane har også i år gitt sine murer-stjerner. Stjernekomiteen har variert litt frå kamp til kamp alt etter kven som har vore tilstades. Murerprisen går i år til Elias Bergquist Langlo med 9 stjerner, han opparbeida seg ei så stor leiing etter ein god vårsesong at ingen klarte å ta han igjen sjølv om han flytta i ferien. Totalt 19 spelarar fekk stjerner i løpet av sesongen.

 

På vår adelskalender som er rekna f.o.m. sesongen 2004 toppar framleis Frank Abelseth med 180 kampar, sjølv om han ikkje var på bana denne sesongen. Det gjorde derimot Bjørnar Kvamme som scora 3 mål på sine 2 kampar og dermed blei den første som passerte 100 mål, han toppar no denne lista med101 mål.

 

Alle detaljar finn du i statistikkane i Børsen på sida her.

 

Då ser vi med spenning fram mot ein ny sesong i 2016 med nye muligheiter. Bruk litt tid til å riste av dokke denne sesongen, så kjem det alltid ein ny sesong med blanke arkJ

Underteikna veit lite og inkje om spelarstall og trenarar/lagleiing for neste år. Håper uansett at vi som er glade i breiddefotballen fortsatt får eit lag å følgje på Ørskogbanken Stadion. Anten det no blir senior eller junior? 11-ar eller 7ar? Tida vil vise…



Ørskog IL

Ørskog IL har også sin egen side på orskogil.no hvor du kan følge alt som er av sport i Ørskog. Her finner du alt fra driftsmeldinger til oppdatering på kamper, treningstider og diskusjoneforum for spillerene.

Murerane

Murerane er stolte supportere av Ørskog IL og murerane.com har nå vært den beste måten å følge Ørskogs A-lag på nett. Murerane.com så dagens lys allerede i 2004.

Ørskog Sparebank

sparebankenØrskog ILs hovedsponsor, Ørskog Sparebank, er en selvstendig og solid sparebank med en forvaltningskapital på ca 1,8 mrd og 13 ansatte. Banken er lokalisert i sentrum av Sjøholt i Ørskog Kommune.

Murerane 2004 - 2013