Login



Login With Facebook
Powered By JFBConnect

 

Murerane

Ørskog Sparebank




Murerane sitt tabelltips vs sluttabellen

Underteikna traff veldig bra med forhåndstipset i år, topp 4 var prikkfritt tippa. Det var faktisk berre vårt eige lag som ikkje fann sin plass.

Vi hadde håpa og trudd at Ørskog skulle få eit lag bak seg, men trass i 3 sigrar mot Fiskerstrand så kom dei over oss på sluttabellen og det vart då einaste feilen.

Det vart med andre ord langt større suksess for murerane sitt tabelltips, enn for Ørskog si tabellplassering!!

 

Sluttabell (fasit):

  1. Herd2

  2. Aksla

  3. Langevåg2

  4. Sykkylven2

  5. Fiskerstrand

  6. Ørskog

……..

Tipset lagt ut 14.april:

På vegne av murerane.com prøver eg meg på eit tabelltips for 6.divisjon avd. 2. Har ikkje veldig god kjennskap til alle laga, men tipset er kun basert på det eg har fått med meg via twitter.

  1. 1.Herd2
  2. 2.Aksla
  3. 3.Langevåg2
  4. 4.Sykkylven2
  5. 5.Ørskog
  6. 6.Fiskerstrand

 

 

No er det kanskje nokon som synes eg er vel pessimistisk på eigne vegne. Grunnlaget er at vi i år stiller eit nesten reint jr/guttelag, og reknar med at prestasjonane vil svinge litt. Treningskampane har også vist at vi fortsatt har ein vei å gå. Det er også dessverre slik at det vil bli ytterlegare avskaling blant våre eldste før haustsesongen pga studier mm. Eg trur at vi iallefall får eit lag bak oss på tabellen og det blir Fiskerstrand?

Det blir opp til spelarane å bevise at eg tek feil!!:-)

Ørskog IL

Ørskog IL har også sin egen side på orskogil.no hvor du kan følge alt som er av sport i Ørskog. Her finner du alt fra driftsmeldinger til oppdatering på kamper, treningstider og diskusjoneforum for spillerene.

Murerane

Murerane er stolte supportere av Ørskog IL og murerane.com har nå vært den beste måten å følge Ørskogs A-lag på nett. Murerane.com så dagens lys allerede i 2004.

Ørskog Sparebank

sparebankenØrskog ILs hovedsponsor, Ørskog Sparebank, er en selvstendig og solid sparebank med en forvaltningskapital på ca 1,8 mrd og 13 ansatte. Banken er lokalisert i sentrum av Sjøholt i Ørskog Kommune.

Murerane 2004 - 2013