Login



Login With Facebook
Powered By JFBConnect

 

Murerane

Ørskog Sparebank




2 A-kampar komande veke.

Komande veke skal Ørskog spele 2 kampar. Borte mot Langevåg2 måndag 27.april kl 18.30, og heime mot Aksla torsdag 30.april kl 20.00. (Den siste er flytta fram i forhold til opprinneleg terminliste).

Etter den gode starten satsar vi på å sope med oss nokre poeng i løpet av denne veka også.

Langevåg2 møtte eit godt Herd2 lag med fleire x-Aafk spelarar i første kampen og tapte 0-4. Inntrykket er at laget er ein del eldre og meir rutinert enn det vi er, men det får vi prøve å utlikne med ungdommeleg pågangsmot. Vi møtte Langevåg2 sist vi var i 6.divisjon i 2013.,Tilsvarande oppgjer enda med seier 1-0, men det er akkurat ikkje så mange igjen frå den troppen som skal vere med på måndag. Referat frå kampen i 2013 finn du her : http://www.murerane.com/index.php/11-nyheter/kampreferat/1298-langevag2-orskog-0-1

Aksla starta med 2-1 heime mot Sykkylven2, laget som vi slo 4-3 i siste treningskampen. Vi må vel då anta at dette kan bli ein jamn kamp som kan bikke begge vegar. Aksla har siste åra stilt med mange juniorar, og burde vel slik sett stå godt til oss? Aksla trakk laget frå 5.divisjon før 2012-sesongen like før vi gjorde det same, dei var då vekke frå serien 2 sesongar før dei stilte igjen i 2014. Siste møte var 2 tette treningskampar før 2011-sesongen som enda med ein seier til kvart av laga, her er referat frå kampen på Ørskog Stadion : http://www.murerane.com/index.php/arkiv/13-nyheter/nocomment/1109-3-4-i-treningskampen

Vi trur altså på nok ein spennande kamp og håper at dei som var der sist og nokre til finn plass på tribuna.

Vi satser på resultatservice på twitter underveis i begge kampane.


Ørskog IL

Ørskog IL har også sin egen side på orskogil.no hvor du kan følge alt som er av sport i Ørskog. Her finner du alt fra driftsmeldinger til oppdatering på kamper, treningstider og diskusjoneforum for spillerene.

Murerane

Murerane er stolte supportere av Ørskog IL og murerane.com har nå vært den beste måten å følge Ørskogs A-lag på nett. Murerane.com så dagens lys allerede i 2004.

Ørskog Sparebank

sparebankenØrskog ILs hovedsponsor, Ørskog Sparebank, er en selvstendig og solid sparebank med en forvaltningskapital på ca 1,8 mrd og 13 ansatte. Banken er lokalisert i sentrum av Sjøholt i Ørskog Kommune.

Murerane 2004 - 2013