Login



Login With Facebook
Powered By JFBConnect

 

Murerane

Ørskog Sparebank




Toppoppgjer, Aspøy - Ørskog

Måndag 19.august kl 18.30 blir det toppoppgjer i 6.divisjon avd.2 mellom Aspøy og Ørskog på ærverdige Aksla Stadion.

 

Ørskog har berre tapt ein kamp hittil i sesongen, medan Aspøy står med 2 tap. Det eine av desse kom i oppgjeret på Ørskogbanken Stadion i vår som enda med 1-0 seier til heimelaget. Det vil då seie at med Aspøy-seier på måndag vil laga stå poengmessig heilt likt, forutsatt at Aspøy slår Ellingsøy i den utsatte kampen. Ørskog-seier derimot vil føre til eit solid forsprang. Vi kryssar fingrane!!

 

I den seinare tid har fleire tidlegare Ørskog-spelarar meldt seg til tjeneste for klubben igjen. Først ute var Jon Egil Sollied som rakk siste vårkampen før han brakk handa, han er nok klar igjen til siste kampane. I forrige kamp var det duka for comeback både for Jørn Valgermo og Kjell Duber Tangen. Jørn blir nok berre med eit par kampar, medan Kjell Duber blir med resten av sesongen. Siste tilskot i stallen er Ole Jonathan Tangen som melder overgang tilbake frå Skodje der han har spelt siste havanna året. Så som med Aafk, det skjer mykje positivt også her for tida..

 

No har vi komt så langt ut i sesongen at det kan vere interessant å sjå på forma til laga. Har satt opp ein tabell som er basert på dei 4 siste kampane for kvart lag:

 

1 Giske                   29- 6     12

2 Aspøy                  19- 6      9

3 Ørskog                  11- 9     9

4 Langevåg2           14- 7      7

5 Ellingsøy               10- 7      6

6 HaNo                      7-15     4

7 Emblem2                7-12      3

8 MSIL2                     4-28     3

9 Harøy                     9-14     2

 

Så pass opp for Giske som i øyeblikket er 5 poeng bak Ørskog.

 

Øvrige kampar denne runden er:

Ellingsøy – Langevåg2

Emblem2 – HaNo

Harøy – MSIL2

Ørskog IL

Ørskog IL har også sin egen side på orskogil.no hvor du kan følge alt som er av sport i Ørskog. Her finner du alt fra driftsmeldinger til oppdatering på kamper, treningstider og diskusjoneforum for spillerene.

Murerane

Murerane er stolte supportere av Ørskog IL og murerane.com har nå vært den beste måten å følge Ørskogs A-lag på nett. Murerane.com så dagens lys allerede i 2004.

Ørskog Sparebank

sparebankenØrskog ILs hovedsponsor, Ørskog Sparebank, er en selvstendig og solid sparebank med en forvaltningskapital på ca 1,8 mrd og 13 ansatte. Banken er lokalisert i sentrum av Sjøholt i Ørskog Kommune.

Murerane 2004 - 2013