Login



Login With Facebook
Powered By JFBConnect

 

Murerane

Ørskog Sparebank




Ørskog - Sykkylven2 0-1 (0-1)

Godt gjennomført kamp av eit purungt Ørskoglag som hadde fortjent poeng.

14.serierunde, 6.div. avd.2

Ørskogbanken Stadion

Ørskog – Sykkylven2 0-1 (0-1)

Dommar : Niklas Bertil Spets, Spjelkavik IL

ca 20 tilskuarar

Mål

0-1 (3) Martin Liseth Pedersen

Gult kort : Per Ivar Kjersem Vestre og Simen Titlestad Vestre, Ørskog. Joakim Fiskerstrand, Sykkylven2.  

Ørskog sitt lag : Kim Inge Melland – Per Ivar Kjersem Vestre, Tor Juul Abelseth, Simen Titlestad Vestre, Elias Mathiesen – Bendik Ulvestad (Krystian Slaski frå 45 (Rokas Cek frå 80)), Magnus Brautehaug, Isak Pilskog Loe, Eirik Kobbevik Uren, Ole Magnus Vestre Dyrkorn – Jørgen Skarbø.

 

Etter ei litt nølande innleiing spelte Ørskog seg bedre og bedre utover i kampen og spenninga held seg til siste sekund, på slutten vart det til og med litt høg temperatur på bana etter nokre sugande taklingar. Ørskog jobba verkeleg for å få ei utlikning som hadde vore fortjent, men den kom altså aldri. Sykkylven2 scora på sin første sjanse på eit tidspunkt der det såg ut som Ørskog ikkje hadde heilt trua på at dei kunne klare poeng. Største sjansane til Ørskog kom når ballen blei spelt i bakrom der Jørgen Skarbø låg og lurte på offsidegrensa, dessverre var han litt for ofte over grensa, mellom anna fekk Ørskog 2 mål annulert.

Sett vekk frå keeper Kim Inge Melland samt Isak Pilskog Loe som er siste års junior, kan faktisk Ørskog spele med denne troppen i juniorserien neste år... I Ørskogfotballen er det ungdommen som har tatt over altså...

Neste og årets siste kamp blir borte mot opprykksklare Herd2 måndag 28.september.

 

Murerstjerner :

** Jørgen Skarbø

* Tor Juul Abelseth, Simen Titlestad Vestre og Ole Magnus Vestre Dyrkorn.

Ørskog IL

Ørskog IL har også sin egen side på orskogil.no hvor du kan følge alt som er av sport i Ørskog. Her finner du alt fra driftsmeldinger til oppdatering på kamper, treningstider og diskusjoneforum for spillerene.

Murerane

Murerane er stolte supportere av Ørskog IL og murerane.com har nå vært den beste måten å følge Ørskogs A-lag på nett. Murerane.com så dagens lys allerede i 2004.

Ørskog Sparebank

sparebankenØrskog ILs hovedsponsor, Ørskog Sparebank, er en selvstendig og solid sparebank med en forvaltningskapital på ca 1,8 mrd og 13 ansatte. Banken er lokalisert i sentrum av Sjøholt i Ørskog Kommune.

Murerane 2004 - 2013