Login



Login With Facebook
Powered By JFBConnect

 

Murerane

Ørskog Sparebank




Ørskog - Fiskerstrand 2-1 (1-0)

Bjørnar Kvamme vart matchvinnar med 2 scoringar då Ørskog tok årets 3.seier mot Fiskerstrand. Som i dei to føregåande oppgjera vart det spennande, men Ørskog rodde også denne gongen i land ein fullt fortjent siger.

11.serierunde, 6.div. avd.2

Ørskogbanken Stadion

Ørskog – Fiskerstrand 2-1 (1-0)

Dommar : Niklas Bertil Spets, Spjelkavik IL

ca 30 tilskuarar

Mål

1-0 (3) Bjørnar Kvamme

2-0 (68) Bjørnar Kvamme

2-1 (75) Espen Nordstrand 

Gult kort : Isak Pilskog Loe,  

Ørskog sitt lag : Kim Inge Melland – Svenn Grønbeck (Elias Mathiesen frå 70), Ole Andre Lukkedal, Simen Titlestad Vestre, Raoul Henrik Lid (Ole Magnus Vestre Dyrkorn frå 45) – Jørgen Skarbø (Thomas Grüner frå 62 (Magnus Brautehaug frå 78)), Tor Juul Abelseth, Isak Pilskog Loe, Karl Peter Sjøholt, Eirik Kobbevik Uren (Rokas Cek frå 85) – Bjørnar Kvamme (Thomas Grüner frå 88) .

 

Ein litt hektisk situasjon med spelarmangel før dagens kamp enda med eit lite frieri til tidlegare Ørskog-spelarar for å kunne stille lag frå kampstart av. Ole Lukkedal, Bjørnar Kvamme og Raoul Henrik Lid stilte på kort varsel og sørga dermed samstundes for å tilføre litt sårt tiltrengt rutine til vårt unge lag. Etter denne seieren er Ørskog oppe i ryggen på Fiskerstrand på tabellen, og har fortsatt muligheit til å unngå den litt forsmedelige sisteplassen. Første omgang var prega av høgt tempo for å vere ein kamp på dette nivået, det var Ørskog som spelte seg til dei fleste sjansane. I andre omgang dala tempoet merkbart og kampen bar preg av at mange spelarar vart slitne.

1-0 kom før det var gått 3 minutt etter at Bjørnar Kvamme vart felt akkurat på16-meterstreken nær venstre hjørnet av 16-meteren. Bjørnar tok sjølv frisparket som han skrudde i næraste hjørnet og i mål. Midtveis i andre omgang auka same mann til 2-0 etter eit gjennomspel av Karl Peter Sjøholt. Dette målet er forøvrig Bjørnar Kvamme sitt mål nr 100 sidan Ørskog starta med statistikkføringa i 2004, han er den første som når denne milepelen. Kvarteret før slutt reduserte Fiskerstrand på ei heading etter ein corner, noko som sjølvsagt gav dei ny energi, men det vart aldri veldig farleg framfor Kim Inge Melland i Ørskog-buret .

Neste kamp blir borte mot Langevåg2 måndag 31.august.

Vi gratulerer forøvrig Herd2 som med seier 10-1 mot Langevåg2 sikra avdelingsseier og dermed opprykk til 5.divisjon! 

Murerstjerner :

** Karl Peter Sjøholt

* Raoul Henrik Lid, Bjørnar Kvamme, Jørgen Skarbø og Isak Pilskog Loe.

Ørskog IL

Ørskog IL har også sin egen side på orskogil.no hvor du kan følge alt som er av sport i Ørskog. Her finner du alt fra driftsmeldinger til oppdatering på kamper, treningstider og diskusjoneforum for spillerene.

Murerane

Murerane er stolte supportere av Ørskog IL og murerane.com har nå vært den beste måten å følge Ørskogs A-lag på nett. Murerane.com så dagens lys allerede i 2004.

Ørskog Sparebank

sparebankenØrskog ILs hovedsponsor, Ørskog Sparebank, er en selvstendig og solid sparebank med en forvaltningskapital på ca 1,8 mrd og 13 ansatte. Banken er lokalisert i sentrum av Sjøholt i Ørskog Kommune.

Murerane 2004 - 2013