Login



Login With Facebook
Powered By JFBConnect

 

Murerane

Ørskog Sparebank




Fiskerstrand-Ørskog 4-5 (2-3)

Seier som smakte for Ørskog etter ei fantastisk avslutning på ein «vannvittig» kamp.

6.serierunde, 6.div. avd.2

Lømyra gras

Fiskerstrand - Ørskog 4-5 (2-3)

Dommar : Oddmund Kaldhussæter, Blindheim

ca 15 tilskuarar (halvparten frå Ørskog)

Mål

1-0 (4) Jonas Karlsbakk

1-1 (14) Eirik Kobbevik Uren

1-2 (30) Magnus Grønningsæter

1-3 (36) Jørgen Skarbø

2-3 (45) Trond Knutsen

3-3 (52) Hrannar Mar Vignisson

4-3 (61) Jonas Karlsbakk

4-4 (85) Martin Ekornes Søvik

4-5 (89) Jørgen Skarbø

 

Gule kort : Nicholai Titlestad og Isak Pilskog Loe, Ørskog og Hans Christian Fostervoll, Fiskerstrand

 

Ørskog sitt lag : Kim Inge Melland – Svenn R.Grønbeck, Martin Ekornes Søvik, Simen Titlestad Vestre (Erling Nupen frå 80), Elias Mathiesen – Jørgen Skarbø, Magnus Brautehaug (Isak Pilskog Loe frå 45), Elias Bergquist Langlo, Tor Juul Abelseth (Bendik Ulvestad frå 71) Eirik Kobbevik Uren - Magnus Grønningsæter (Nicholai Titlestad frå 76).

 

 Dette vart ein veldig spennande kamp der laga veksla på å ha leiinga fleire gongar, men heldigvis trakk Ørskog det lengste strået heilt til slutt. Kampen gjekk på ei kliss våt grasbane som for dagens generasjon spelarar er svært uvante forhold. Ørskog starta for anledninga i heilkvite drakter men det varte ikkje så lenge i den kuløren. Ørskog som er eit spelande lag fekk likevel til mykje bra spel og innsatsen var etter det fåtallige publikum sin smak! Ørskog spelte ein god førsteomgang med unntak av ein kort periode i kvar ende av omgangen. Dette utnytta Fiskerstrand til å sette to mål, der det siste som kom i omgangens siste sekund var psykologisk nedbrytande. I andre omgang klarte Fiskerstrand å snu kampen med to nye scoringar første kvarteret. Lenge såg det ut til at Ørskog ikkje hadde nok vilje eller evne til å utlikne dette, men dei gav aldri opp og fekk til slutt ei matchvinnarscoring i siste ordinære speleminutt. Etter dette vart det 5-6 nervepirrande overtidsminutt der vårt unge lag virka rutinert og rydda godt unna! God innsats heilt ut!! 

 

Måla kom slik: 1-1, Eirik Kobbevik Uren vann tilbake ballen framme ved venstre cornerflagget, han avanserte inn mot mål og plasserte ballen i næraste hjørnet. 1-2, praktfullt skot av Magnus Grønningsæter i venstre hjørnet frå drøye 20 meter. 1-3. Glimrende langpasning frå Elias Bergquist Langlo til Jørgen Skarbø som gjorde ingen feil åleine med keeper. 4-4, kom etter at Ørskog trykte på med fleire cornera. Ballen kom ut til Isak Pilskog Loe på 16-meteren som plasserte ballen i stanga nær høgre krysset, returen gjekk til Martin Ekornes Søvik som dunka den under keeper frå omlag 10 meters hald. Ørskog gav seg ikkje med dette og altså like før ordinær tid var over kom ei ny langpasning frå Elias Bergquist Langlo. Nicholai Titlestad stussa borti ballen slik at den gjekk forbi keeper, der kom Jørgen Skarbø ved bakerste stolpe og vippa ballen i mål frå kort hald til ellevill jubel blant sine lagkameratar.

Dagens debutant Nicholai Kjellbotn Titlestad kom inn som eit friskt pust mot slutten, god debut!!

 

Dette fortjente dokke gutta etter litt motgang i det siste – Køyr på vidare..!!

 

 Neste kamp for Ørskog blir heime mot Langevåg2 måndag 8.juni.

Murerstjerner :

*** Elias Bergquist Langlo

** Martin Ekornes Søvik

* Jørgen Skarbø, Elias Mathiesen, Svenn R Grønbeck og Eirik Kobbevik Uren.

Ørskog IL

Ørskog IL har også sin egen side på orskogil.no hvor du kan følge alt som er av sport i Ørskog. Her finner du alt fra driftsmeldinger til oppdatering på kamper, treningstider og diskusjoneforum for spillerene.

Murerane

Murerane er stolte supportere av Ørskog IL og murerane.com har nå vært den beste måten å følge Ørskogs A-lag på nett. Murerane.com så dagens lys allerede i 2004.

Ørskog Sparebank

sparebankenØrskog ILs hovedsponsor, Ørskog Sparebank, er en selvstendig og solid sparebank med en forvaltningskapital på ca 1,8 mrd og 13 ansatte. Banken er lokalisert i sentrum av Sjøholt i Ørskog Kommune.

Murerane 2004 - 2013