Login



Login With Facebook
Powered By JFBConnect

 

Murerane

Ørskog Sparebank




Ørskog - Sykkylven2 1-2 (1-2)

Det blei eit knepent tap mot Sykkylven2.

4.serierunde, 6.div. avd.2

Ørskogbanken Stadion

Ørskog - Sykkylven2 1-2 (1-2)

Dommar : Rolf Jarle Eldevik, Ellingsøy

ca 50-60 tilskuarar

Mål

1-0 (10) Jørgen Skarbø

1-1 (13) Arne-Guttorm Thoresen

1-2 (44) Martin Liseth Pedersen

 

Gule kort : 4 stk til Sykkylven2.

 

Ørskog sitt lag : Kim Inge Melland – Petter Elias Vestre Røkke, Simen Titlestad Vestre, Tor Juul Abelseth, Ole Magnus Vestre Dyrkorn (Raoul-Henrik Lid frå 20) – Eirik Kobbevik Uren, Elias Bergquist Langlo (Bendik Ulvestad frå 45) – Per Ivar Kjersem Vestre, Magnus Brautehaug (Rokas Cek frå 87), Thomas Grüner - Jørgen Skarbø.

 

Det var ingen stygg kamp, men ein del harde duellar gjorde at kampen vart prega av fleire skadar på begge laga. Ørskog som for anledninga berre hadde 3 innbyttarar mista 2 mann allereie i første omgang, men heldigvis gjekk det betre i andre omgang. Det såg ut til at meininga til Ørskog var å ligge djupt og satse på lange ballar i bakrom som kjappe Jørgen Skarbø kunne jage. Etter 10 minutt lykkast denne taktikken og Jørgen Skarbø gav Ørskog leiinga åleine med keeper. Like etter utlikna Sykkylven2 på ei flott heading. 1-2 kom heilt på tampen av omgangen etter rot i Ørskogforsvaret. Spelemessig var nok Ørskog best i førsteomgang, medan Sykkylven2 var best og hadde grei kontroll etter pause. I denne omgangen hadde Sykkylven2 ein del sjansar som dei ikkje klarte å utnytte, Ørskog var likevel nær å «stjele» med seg eit poeng fem minutt på overtid, men skuddet frå Per Ivar Kjersem Vestre strauk dessverre like på utsida av stolpen. Vi hadde i dag 2 nye debutantar, Petter Elias Vestre Røkke spelte heile kampen som høgreback og Rokas Cek kom inn som ving siste minutta.

 

Neste muligheit for Ørskog blir borte mot Herd2 måndag 18.mai.

 

Murerstjerner :

*'* Tor Juul Abelseth, Elias Bergquist Langlo og Jørgen Skarbø

'* Simen Titlestad Vestre og Magnus Brautehaug.

Ørskog IL

Ørskog IL har også sin egen side på orskogil.no hvor du kan følge alt som er av sport i Ørskog. Her finner du alt fra driftsmeldinger til oppdatering på kamper, treningstider og diskusjoneforum for spillerene.

Murerane

Murerane er stolte supportere av Ørskog IL og murerane.com har nå vært den beste måten å følge Ørskogs A-lag på nett. Murerane.com så dagens lys allerede i 2004.

Ørskog Sparebank

sparebankenØrskog ILs hovedsponsor, Ørskog Sparebank, er en selvstendig og solid sparebank med en forvaltningskapital på ca 1,8 mrd og 13 ansatte. Banken er lokalisert i sentrum av Sjøholt i Ørskog Kommune.

Murerane 2004 - 2013