Login



Login With Facebook
Powered By JFBConnect

 

Murerane

Ørskog Sparebank




Langevåg2 - Ørskog 3-1 (0-1)

Ørskog kjempa godt og heldt stand lenge, men måtte til slutt gi tapt mot eit sterkare lag.

2.serierunde, 6.div. avd.2

Langevåg Kunstgress

Langevåg2 - Ørskog 3-1 (0-1)

Dommar : Kristian Standal, Rollon

ca 20-30 tilskuarar (vel halvparten frå Ørskog)

Mål

0-1 (30) Magnus Grønningsæter

1-1 (69) Endre Åkernes

2-1 (78) Robert Hammer

3-1 (85) Bjarne Haugland

 

Gule kort : 2 til Langevåg2.

 

Ørskog sitt lag : Kim Inge Melland – Martin Ekornes Søvik (Erling Nupen frå 90), Simen Titlestad Vestre (Svenn Refsnes Grønnbeck frå 27), Tor Juul Abelseth (Simen Titlestad Vestre frå 76), Elias Mathiesen – Kjetil Olsen Amdam (Magnus Brautehaug frå 66), Isak Pilskog Loe - Jørgen Skarbø (Bendik Hovden Ulvestad frå 90), Elias Bergquist Langlo, Per Ivar Kjersem Vestre (Eirik Kobbevik Uren frå 68) - Magnus Grønningsæter (Ole Magnus Vestre Dyrkorn frå 85).

 

Det var ein sjanserik kamp på Langevåg kunstgress, og vi må vel vedgå at Langevåg2 hadde flest av sjansane. Ørskog var likevel lenge i føringa etter at Magnus Grønningsæter gav oss leiinga etter ein halvtimes spel. Elias Bergquist Langlo spela han fint gjennom og han løfta ballen over keeper og opp i nettaket. Vi som held med Ørskog frykta at leiinga kunne bli vanskeleg å halde på i andre omgang, og dessverre så vart det slik. Langevåg2 klarte å stille inn siktet tidsnok til å avgjere kampen til sin fordel med 3 mål i løpet av siste 20 minutta. Ørskoglaget skal likevel ha ros for god innsats og ein godt gjennomført kamp som kunne enda med poeng om hellet hadde vore med oss heilt ut. Våre unggutar viste stor ro og evne til å spele seg ut av vanskelege situasjonar og tek stadig skritt framover!

Neste kamp for Ørskog blir heime mot Aksla torsdag 30.april kl 20.00.

Murerstjerner :

*'* Kim Inge Melland og Elias Bergquist Langlo

'* Tor Juul Abelseth, Elias Mathiesen og Magnus Grønningsæter.


Øvrige resultat i vår avdeling:

Aksla – Fiskerstrand 4-1

Sykkylven2 - Herd2 1-2

Tabell:

 

1

Herd 2

2

6

2

Aksla

2

6

3

Ørskog

2

3

4

Langevåg 2

2

3

5

FK Sykkylven 2

2

0

6

Fiskerstrand

2

0

Ørskog IL

Ørskog IL har også sin egen side på orskogil.no hvor du kan følge alt som er av sport i Ørskog. Her finner du alt fra driftsmeldinger til oppdatering på kamper, treningstider og diskusjoneforum for spillerene.

Murerane

Murerane er stolte supportere av Ørskog IL og murerane.com har nå vært den beste måten å følge Ørskogs A-lag på nett. Murerane.com så dagens lys allerede i 2004.

Ørskog Sparebank

sparebankenØrskog ILs hovedsponsor, Ørskog Sparebank, er en selvstendig og solid sparebank med en forvaltningskapital på ca 1,8 mrd og 13 ansatte. Banken er lokalisert i sentrum av Sjøholt i Ørskog Kommune.

Murerane 2004 - 2013