Login



Login With Facebook
Powered By JFBConnect

 

Murerane

Ørskog Sparebank




Ørskog - Fiskerstrand 4-2 (3-1)

Seier i seriestarten for Ørskog!

1.serierunde, 6.div. avd.2

Ørskogbanken Stadion

Ørskog – Fiskerstrand 4-2 (3-1)

Dommar : Inge Andersen, Aafk

ca 50-60 tilskuarar

Mål

1-0 (15) Magnus Grønningsæter

2-0 (21) Tor Juul Abelseth

3-0 (28) Jørgen Skarbø

3-1 (35) Hans Christian Fostervoll

3-2 (79) Roman Siniakov

4-2 (90) Magnus Brautehaug

 

Gule kort : Roman Siniakov og Daniel Sunde, begge Fiskerstrand.

 

Ørskog sitt lag : Kim Inge Melland – Martin Ekornes Søvik, Simen Titlestad Vestre, Hans Jarle Røsvik, Elias Mathiesen - Tor Juul Abelseth, Isak Pilskog Loe - Jørgen Skarbø, Elias Bergquist Langlo, Per Ivar Kjersem Vestre - Magnus Grønningsæter.

Innbyttere : Kjetil Olsen Amdam, Eirik Kobbevik Uren, Ole Magnus Vestre Dyrkorn, Svenn Refsnes Grønbeck, Magnus Brautehaug, Erling Nupen og Bendik Hovden Ulvestad.

Det blei ein god sesongstart for Ørskog med seier og 3 poeng i sesongpremieren. Ørskog scora 3 mål i løpet av eit godt kvarter midtveis i første omgang og det klarte Fiskerstrand aldri å svare på. Magnus Grønningsæter satte inn 1-0 etter eit kvarters spel, han fulgte ei flott bakromspasning frå Jørgen Skarbø og plasserte ballen under keeper. Nokre minutt seinare var Magnus Grønningsæter i servitørrolla, eit hardt og flatt innlegg traff rett på foten til Tor Juul Abelseth som breisida den i mål, fint spel i forkant av dette målet. Kort tid etterpå la Per Ivar Kjersem Vestre inn frå venstresida, ballen gjekk tvers gjennom feltet til bakerste stolpe, der dukka Jørgen Skarbø opp og scora. Ca 10 minutt før pause fekk Fiskerstrand ei noko billig scoring då eit langskot trilla i mål. Dette gav litt inspirasjon til Fiskerstrand som etter det kom mykje meir med i kampen. I andre omgang hadde begge laga fleire gode målsjansar utan at nokon klarte å score før Fiskerstrand satte inn 2-3 på ei heading ca 10 minutt før slutt. Det vart dermed 10 spennande minutt der Ørskog kjempa godt for å berge poenga. I siste ordinære speleminutt fyrte Jørgen Skarbø av eit hardt langskot som keeperen ikkje klarte å halde, debutanten Magnus Brautehaug var fint framme og satte inn returen og dermed var kampen avgjort. Fiskerstrand gav opp og Ørskog kunne faktisk pynta meir på resultatet i løpet av fem overtidsminutt. 3 poeng i serieåpninga er vi veldig godt fornøgd med!

Heile 6 unge Ørskoggutar fekk sin seriedebut for A-laget i dag, det var Elias Mathiesen, Svenn Refsnes Grønnbeck, Erling Nupen, Ole Magnus Vestre Dyrkorn, Bendik Hovden Ulvestad og altså Magnus Brautehaug som scora i debuten og satte siste spikaren i kista:-)

Øvrige resultat i vår avdeling:

Aksla – Sykkylven2 2-1

Herd2 – Langevåg2 4-0

Neste kamp for Ørskog blir borte mot Langevåg2 måndag 27.april, og neste motstandar på Ørskogbanken stadion blir Aksla, torsdag 30.april kl 20.00.

Murerstjerner :

* Tor Juul Abelseth, Martin Ekornes Søvik, Simen Titlestad Vestre og Magnus Grønningsæter.


Ørskog IL

Ørskog IL har også sin egen side på orskogil.no hvor du kan følge alt som er av sport i Ørskog. Her finner du alt fra driftsmeldinger til oppdatering på kamper, treningstider og diskusjoneforum for spillerene.

Murerane

Murerane er stolte supportere av Ørskog IL og murerane.com har nå vært den beste måten å følge Ørskogs A-lag på nett. Murerane.com så dagens lys allerede i 2004.

Ørskog Sparebank

sparebankenØrskog ILs hovedsponsor, Ørskog Sparebank, er en selvstendig og solid sparebank med en forvaltningskapital på ca 1,8 mrd og 13 ansatte. Banken er lokalisert i sentrum av Sjøholt i Ørskog Kommune.

Murerane 2004 - 2013