Login



Login With Facebook
Powered By JFBConnect

 

Murerane

Ørskog Sparebank




MSIL2 - Ørskog 1-4

Ørskog måtte slite meir for seieren enn forventa mot eit aggresivt heimelag. Men til slutt gjekk dei tom for krefter og Ørskog tok fullstendig over i andre omgang.

6.divisjon, 11.serierunde

Mauseidvåg Stadion

MSIL2 - Ørskog 1-4 (1-1)

Dommar : Vitalij Karpenko, Ellingsøy IL

ca 20 tilskodarar

 

Mål

1-0 (36) str.

1-1 (45) Bjørnar Kvamme str

1-2 (70) Kurt Søvik

1-3 (76) Kjell Duber Tangen

1-4 (90) Amund Rørstad

 

Gule kort: Ingen

 

Ørskog sitt lag : Joacim Skarbø – Raoul Henrik Lid (Tommy Kolås frå 45), Tor Juul Abelseth, Kurt Søvik, Tom Smith-Nilsen (Jørgen Skarbø frå 82) – Martin Ekornes Søvik (Karl Peter Sjøholt frå 64 (Jakob Holm Standal frå 80)), Elias Bergquist Langlo (Isak Pilskog Loe frå 78), Jon Espen Joranger, Bjørnar Kvamme (Amund Rørstad frå 75) – Karl Peter Sjøholt (Ole Jonathan Tangen frå 57), Aslak Benjaminsen (Kjell Duber Tangen frå 45).

 

Førsteomgangen var forholdsvis jamn. MSIL2 var aggressive i presset og kjempa Ørskog ut av stilen. Ørskog virka litt stressa med ballen og slo mange feilpasningar. Angrepa var prega av slurvete avslutningar. Dette fortsatte også i andre omgang, sjølv om MSIL2 då vart slitne og omgangen stort sett bestod av eit langt Ørskogangrep. Vi måtte vente heilt til 20 minutt før slutt før Ørskog tok leiinga, etter det var det berre spørsmål om kor stor seieren skulle bli.

MSIL2 tok leiinga på straffe etter ei litt unødig felling. Straffe måtte også til for at Ørskog skulle score i denne omgangen. Aslak Benjaminsen vart felt av keeper og Bjørnar Kvamme sette straffa sikkert i mål. 1-2 stod Kurt Søvik for då han så vidt stussa bort i eit frispark frå Jon Espen Joranger. 1-3 kom etter lang corner frå Elias Bergquist Langlo. Kurt søvik heada den tilbake framfor mål, der Kjell Duber Tangen heada den sikkert vidare i mål. 1-4 vart satt inn av Amund Rørstad på retur frå keeper etter eit skot av Kjell Duber Tangen. Dette var Amund Rørstad sitt første A-lagsmål. Kjell Duber Tangen scora også sitt første etter comebacket slik at til no i år har faktisk heile 16 spelarar teikna seg på scoringslista. Ole Jonathan Tangen spelte sin første kamp etter overgangen frå Skodje, og kom inn og satte fart i kampen. Sjølv om kampen vart seint avgjort hadde vi heile tida ei kjensle av at dette nok gjekk bra til slutt, men laget må nok heve seg eit par hakk om seiersrekka skal halde fram.

 

Murer-stjerner:

*** Tor Juul Abelseth

** Ole Jonathan Tangen

* Amund Rørstad

Ørskog IL

Ørskog IL har også sin egen side på orskogil.no hvor du kan følge alt som er av sport i Ørskog. Her finner du alt fra driftsmeldinger til oppdatering på kamper, treningstider og diskusjoneforum for spillerene.

Murerane

Murerane er stolte supportere av Ørskog IL og murerane.com har nå vært den beste måten å følge Ørskogs A-lag på nett. Murerane.com så dagens lys allerede i 2004.

Ørskog Sparebank

sparebankenØrskog ILs hovedsponsor, Ørskog Sparebank, er en selvstendig og solid sparebank med en forvaltningskapital på ca 1,8 mrd og 13 ansatte. Banken er lokalisert i sentrum av Sjøholt i Ørskog Kommune.

Murerane 2004 - 2013